Te og heimelaga musli
Skal eg anbefale noko som gjer hauststemninga god, må det vere å lage muslien sjølv og gå på Kinsarvik og kjøpe eit arsenal av Pukka-te. Akkurat no går det i "lakris og kanel" og "three fennel" hjå oss. Gjerne med litt honning i!
Basert på tante si musli-oppskrift, har eg laga denne to gangar no:
2 dl av alle typar frø, nøtter og tørka frukt du likar
rundt 4 ss honning alt etter kor mykje du lagar, og kor søtt og klissete du vil ha det
Eg blandar linfrø, graskarkjerner, solsikkekjerner, sesamfrø, havregryn, salta peanøtter, valnøtter, mandlar og kokos i ei eldfast form. Så tek eg over så mykje honning eg vil, og set det i ovnen på 200 grader i 10 minutt. Når eg så tek forma ut igjen, rører eg rundt til all honningen er blanda inn. Rosiner og tørka aprikosar i bitar kuttar eg opp og blandar saman når muslien er kald igjen. Dadlar og fiken kan du sikkert òg prøve med. Fyll i fine glas, og gi vekk eit eller to hvis det blir for mykje!
Kutt ut honningen hvis du ikkje vil ha den så søt.
Tips! Eg tåler ikkje nøtter, men om eg varmebehandlar dei går det fint - slik er det med mange som er intolerante mot enkelte matvarer. (Men vær forsiktig med særleg mandlar, hasselnøtter og valnøtter der det ofte ikkje er nok å varmebehandle for å ta knekken på allargenene).
Nyt til naturell yoghurt!
![]() |
| Koppen er Regine sin, men den passar visstnok best til meg... |
Sjøv om eg gjerne skulle drukke te, gått i det tørre lauvet og laga musli heile tida, må eg nesten fokusere litt på framtida òg:
God oktober!








2 kommentar(ar):
Passer best til deg, ja :-)!
Det var et høstfint innlegg:D
Her i Oslo er det regn ute og stearinlys og søndagsstemning inne i dag.
Drama queen<3
Legg inn en kommentar