30 November, 2009

1






29 November, 2009

Ventetid





26 November, 2009







"Stillest vann har dypest grunn". (2004)

25 November, 2009



24 November, 2009

Gleden er kvit!

23 November, 2009

Klar, ferdig, brett!
Eg e klar for julekort-sesongen





22 November, 2009

Dagens kreative tips:

Er det vanskeleg å bestemme seg for ka folk skal få til jul? Eller å i det heile tatt komme på nåke?

1. Laminèr eit kvitt ark.
2. Heng det opp på soverommet ditt.
3. Skaff deg ein wyteboard marker.
4. Skriv opp alle du skal gi til.
5. Før opp og stryk ut presangar etter kvert som idèane endrar seg.

Eit av mine mest dyrekjøpte men beste erfaringar når det kjem til kreativitet, er å tillate seg å setje ned alt ein kjem på. Det er nesten alltid dei dårlegaste utgangspunkta som gir best resultat. Berre eit (to) generelle tips:)

Ha ei kreativ veke kjære lesar!

21 November, 2009



20 November, 2009

I won't be sending postcards
From Paraguay



But from Norway
Derimot

18 November, 2009

I have a dream...
og den er Ferrari-raud!

Eg sit og skriv oppgave og har sørgelig lite tid til å være kreativ. Innimellom livssynsbøker sit eg og drømmer meg vekk i Bergen Arkitekt Skole si bok, ønsker at eg kunne photoshop, hadde fleire objektiv, og at eg hadde tatt fram malarkosten og ikkje minst blyanten oftare.



Så, sia eg har snubla og knust skjermen på pcen min har eg bestemt meg. Eg skal ha Mac. Og det er ikkje (berre) fordi eg er forfengelig, men fordi eg aktivt skal gå inn for å bruke verktøyet for alt det e verdt. Dessuten kan eg jo blåse støvet av Photoshop Elements før eg begynner å grine over alt eg ikkje har.

17 November, 2009


16 November, 2009



"Hvilken politiker er dette?"

15 November, 2009



Skulle så gjerne hatt tid og krefter til å legge ut nåke ant enn ei skisse... I dag har me hatt "kreativ gudstjeneste" i PK, så det du ser har eg tegna i full fart under lovsangen. Når me begynnar på ei ny veke imåro, er det mitt ønske å sette korset over heile veka - kver dag og kver time. Ikkje berre ein og to plassar inne i timeplanen.

14 November, 2009

Mine tankar går i kveld spesielt til alle dei som har det vanskelig etter brannen på Laksevåg i natt. Spesielt dei nærmaste til dei to omkomne småbarnsfedrene.



Bildet (/det "tilfeldige" blinkskuddet) er tatt ved ein mykje festligare anledning; grilling i Kalfaret februar 2008

13 November, 2009

Er ekte kreativitet avhengig av rus?

I kveld har eg hatt skjønne Ida og Katrine på kvelds + gullrekka. Litt ut i Senkveld begynte Katrine å snakke om nåke dei hadde snakka om på kollokvie (sjøl om dei eigentleg skulle prate om grammatikk). Grunnen til at me kom inn på temaet var gjestane Aulie og Sand som var gjestar hjå Thomas og Harald. Det kollokviegruppa hadde snakka om var kunstnarar og rusmiddel opp gjennom alle tider. For det er jo eit faktum at mange av dei verkeleg store og velkjende kunstnarane ikkje har vore måtehaldne men heller tunge brukarar av diverse. Det ville vore interessant om nåken ein gang forska på dette og verkeleg la fram ei oversikt så me kunne sett omfanget av her, og forholdet til avholdande kunstnarar. Eg skulle òg svært gjerne fått i gang ein diskusjon mellom ein av dei som alltid har raudvin i glaset, og ein avholden utøvande kunstnar. Har rusen stor betydning for kunsten?

Bekymringa me snakka litt rundt, var blandt anna om det er slik at mennesket ikkje er kreativt nok til å skape utan å være "ute på syre"? Og minst like interessant; er det ein samanheng mellom kreativitet og mentale lidingar?

Sjølvsagt meiner eg eindel om dette, men eg lar det bli med å kaste nåken tankar opp i lufta. Klokka er jo fem min til deadline på dagens kreative innlegg - skreve i trøtthetsrus.



(Måla av Van Gogh - som var sinnssjuk...)

12 November, 2009

Søskenkjærlighet



Admera og Hena, Sarajevo 1 august 2009

11 November, 2009

Då Eric møtte snøen



Bildet er tatt på Sagavoll fhs ei veke med fotomodul. Fann igjen albumet i hylla mi i dag, og der smilte Eric frå Kenya til meg på side to. Digger kontrastane her!

10 November, 2009

Kreativ bruk av besto si melkemugge



Ho hadde neppe nokon gong o`boy i den, men eg huskar det som om det var i går når ho serverte melk til meg.

09 November, 2009

Frail





Eg har arva besto sine hekle-arbeid. For tida ser dermed hylla i ståva slik ut :)

08 November, 2009

Søndags-stemning

Sydd nye knappar i den kjedelige cardiganen frå Cubus som alle andre har lik!
No er den unIK!



07 November, 2009

Krossfjellet i våre:


06 November, 2009

Eit skap
Det skapet
Fleire skap
Ekte skap
Ekteskap

...så lenge du ikkje
går inn
i
utro-skapet



Nok ein dag på NLA.
Takk til Marius som sat ved mi venstre side og oppmuntra til kreativ notatskriving

05 November, 2009

Make giraffes, not war!

Ola Helland skal bevise for kompisen sin at han kan samle ein million giraffar innan 2011. Ho her:



kan ikkje være med. Fordi: dei bidraga som er med skal ein ikkje lage "med hjelp av datamaskin". Elles er det fritt fram å delta hvis ein i tillegg forteller folk om det.

Giraffen Laura frå Kenya er dagens kreative innslag. Neste gang eg postar ein langbeint har eg laga den sjølve. Bli med du òg!

04 November, 2009

Mirrorface



Korleis ser du ut når du står framfor speilet? Smilar du kver gang du ønsker å sjå vakker ut? Det er pinlig å innrømme, men det gjer eg! Eg er overbevist om at alle har eit fjes dei meir eller mindre ubevisst tar på seg når dei speilar seg. Det er nåke sårbart over dette fenomenet - ein vil ikkje at andre skal legge merkte til det. Men dama i butikken ser deg der du lager trutmunn når du prøver finkjole, eller tar opp håret hvis du har ein dårleg hårdag. Og guttar? Ikkje sei dette e eit jentefenomen! De ser i speilet minst ein gang om dagen de òg - dei fleste av dåke tar i voks eller lappar barbersår ein gang i blandt.

DERFOR OPPFORDRAR EG ALLE LESARAR! Send meg eit bilde av DITT speilansikt. Eg har lenge drømt om å lage eit lite fotoprosjekt med nettopp slike uttrykk. Og har du ikkje kamera kjem eg med stativet mitt så snart eg får lov av deg å knipse eit slik øyeblikk. Eg publiserar det heile i slutten av november.
Sende det til: ingvilddalland@hotmail.com eller
Ingvild Fosse Dalland
Carl Konows gate 14
5162 Laksevåg

03 November, 2009

Laughing Jesus





...smiler over ungdommen i Dalen

02 November, 2009

"Nasjonalromantikk 2004"

Ikkje har eg photoshop, heller ikkje det fotoutstyret eg skulle ønske. Men eg kan male! Kunne det iallefall i 3 klasse:


01 November, 2009

Let the game begin!


Kjøp deg ein Wytebord Maker du òg! (Særskild takk til Kapp Ahl)

27 October, 2009

Tirsdag formiddag
I dag har eg heime-kontor. Det er ikkje like effektivt som lesesalen på ein vanleg dag. Men på ein dag som denne - er det det mest effektive alternativet studenten har. Eg er forkjølt og på bedringens vei. På skulen i går måtte eg lese i kantina fordi det var så varmt på lesesalen at eg snufsa i takt med sekundvisaren. Eg får gjere det beste ut av det og ta meg ein tur ut i haustløvet med bestevenninno mi og kameraet før det flotte lyset forsvinn inn i kvelden. Føresetnadane for at dette vert ein god dag er store:


Har DU ein god kvardag denne tirsdagen?

21 October, 2009

Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv!


...så eg fekk meg ein uventa sykkeltur OPP Nipedalen i boblejakke på søndag. Det hadde eg berre godt av - kvite kvinner frå Vesten har ikkje alltid grunn til å klage!

04 October, 2009


25 januar 2009 skreiv eg et innlegg. I dag når eg såg i arkivet mitt, kom eg over denne kommentaren. Så hvis den anonyme eller andre uvitande les dette, her kjem ei lita ordbok som kan vere grei å ha i Bergen og omegn:

Undikken - underbuksen
Badikken - badebuksen
Strømpikken - strømpebuksen